Tønes
Tønes er ein av landets mest særeigne artistar, og me er utrulig glade for endeleg å ha han tilbake i Arena! Med sitt lune blikk på kvardagen, sine skarpe observasjonar og komiske vendingar, har han rørt og mora publikum i fleire tiår.
Med seg har han denne gong Anne Lise Frøkedal, kjent for sine stemningsfulle gitarparti og sitt sterke musikalske uttrykk. Saman skaper dei ei nær konsertoppleving – full av gode historier, finurlege tekstar og melodiar som legg seg varmt i kroppen.
Tønes er heidra med heile fire Spellemannspriser, Prøysenprisen, Dialektprisen, og har ein solid katalog med åtte album, fire EP-ar og ei bok på samvittigheten. Dette blir ein kveld der både hjartet og lattermusklene får noko å jobbe med.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Bakeriet Frugård og Stord Mållag.
Dørene opnar kl 20
Spelestart kl 21
Restriksjoner
18 års aldersgrense
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje