Linda Eide - LIVET ER EIT SPRÅKSJOV
Linda Eide er mildt sagt opptatt av språk. Det held henne vaken om
natta og i gang om dagen. No har ho skrive bok om det, og laga
sjov om det.
Bli med inn i Lindas språkunivers, og få forteljinga om kva språket
har gjort med henne. Heng med frå barndom til språksjov. Frå
Fattern sitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå han
Knut under bakken til ho Peranna på Høgde.
Dette er scener frå eit språkliv – til glede, sinne, trøyst, og rett som
det er, berre blott til lyst.
Linda Eide har arbeidd som journalist og programleiar i NRK radio
og fjernsyn i over tre tiår. Ho er programleiar, forfattar,
foredragshaldar og språksjovar. Ho har mottatt ei rekke journalistog
språkprisar for arbeidet sitt. Særleg kjend er ho for Eides
språksjov, fjernsynsprogrammet som i tolv sesongar gjorde språk til
laurdagsunderhalding på NRK.
Dørene opnar kl 18
Sjovstart kl 19
Restriksjoner
18 års aldersgrense
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje