Ravi Sjåv
Ravi, ein av Noregs mest folkekjære artistar, har prega norsk musikk sidan 2000-talet med udødelege hits som “Utadæsjælåplevelse”, “Dødsøt” og “Tsjeriåu”.

I 2023 gjorde Ravi eit brak-comeback med fleire utselde konsertar, og i 2024 har han og bandet hans spela for over 10 000 menneske. No er dei klare for Utadæsjælturné 2025, der dei lovar endå meir energi, gamle klassikarar som får alle til å syngje med frå første strofe, og ei stemning som er vanskeleg å erstatte! Kombinasjonen hans av humor, alvor og energiske opptredenar har gjort han til ein ekte folkefavoritt.
Med seg på tur har han Erik Holm (trommer), Kristina Moen Rousing (bass) og Ingrid Støylen Runde (keys), som alle har vore med på å forme ei unik konsertoppleving!
Restriksjoner
18 års aldergrense
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje