MUKTI

Arrangementsinformasjon


"Har du lyst til å vera med på ein konsert litt utanom det vanlige?


MUKTI (Vibeke Grov) slepp sitt debutalbum, “What I’m living for”, 11. november, og kjem til heimbyen for å halda releasekonsert! 


MUKTI har med seg band og vil spela låtar frå albumet, samt ei heilt nyskriven låt med tittelen “We don’t fight we love”. Artisten vil også dela av si personlege historie om korleis alvorleg sjukdom leia ho til å skriva musikk, kvifor ho har valgt å satsa på musikken og korleis dette har endra livet hennar. 


Musikken er variert i sitt uttrykk og beveger seg innan ulike sjangrar, frå engelsk pop til norske viser. 



arena
bakerietfrugård

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikkje