Finale - EuropaVox Campus 2024
Ein jury frå fleire europeiske land kårar vinnaren av EuropaVox Campus 2024!
Dørene opnar: kl 18.30
Spelestart: kl 19.00
EuropaVox Campus er det første musikalske springbrettet i sitt slag for studentband, eit prosjekt utvikla av festivalprodusenten EuropaVox og franske Université Clermont Auvergne.
Frå oktober 2023, har studentband meldt seg på den lokale konkurransen på sin campus i Tyskland, Romania, Norge og Frankrike. På kvar stad vil ein jury av faglærarar, representantar for arrangørar og profesjonelle utøvarar velje dei artistane som er kvalifisert til å delta på den lokale bandkonkurransen.
På sjølve gallakvelden på Arena ,18. april, vil ein jury frå fleire europeiske land kåre vinnaren av EuropaVox Campus 2024.
Om EuropaVox Campus
- Prosjektet har blitt til gjennom eit samarbeid mellom partnaruniversiteta Université Clermont Auvergne (Frankrike), Universitatea Ovidius (Constanța, Romania) og Ostbayerische Technische Hochschule (Regensburg, Tyskland) og Høgskulen på Vestlandet - i tillegg til medverkande studentar, med ei blanding av konsertar, møteplassar og internasjonal mobilitet.
- Prosjektet er tildelt støtte frå EU gjennom ordninga Erasmus +
- Vinnaren av den internasjonale finalen i Frankrike i 2023, var bergensbandet Astroturf.
- Les meir på: http://campus.europavox.com
Restriksjoner
18-års aldersgrense
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje