page view image

Tønes-med genseren riktig vei.

Informasjon
event image

Endeleg drar Tønes og Erlend Aasland på turné saman igjen. Den sprudlande multiinstrumentalisten Erlend Aasland har ei bemerkelsesverdig evne til å meistre eit stort antal instrument og låtar på kort tid. Ingen veit kva slags nye instrument som vil dukke opp i haust. Sannsynligvis ikkje han sjølv eingong.


Frank «Tønes» Tønnesen har gjennom åra fått ein del grei merksemd for sine finurlige og innsiktsfulle dialekttekstar. I løpet av turnéen i haust, kan det vera at ein blir introdusert for nokon nye slike. Men det er ingen som lovar noko. I alle fall ikkje Frank.


Turnésamarbeidet markerast med heile tre nye pressebilder med genser. Kenneth Hernes, lydmann og medmenneske, deltek også. Han fekk ikkje vera med på nokon av bildene, men lever ganske greitt med det.



arena bakerietfr tønes

Restriksjoner

18 års aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikkje.