page view image

This Was My Life – ein hyllest til Kim Larsen & Gasolin

Informasjon
event image
This Was My Life vert rekna som eit av dei fremste tributebanda i Norden til Kim Larsen & Gasolin. Bandet vart starta i Bergen i 2018 og har på kort tid vorte eit ettertrakta namn hjå arrangørar og publikum. Her får du ei musikalsk reise gjennom livet og karrieren til Kim Larsen, med klassikarar som «Papirsklip», «Midt om natten», «This Is My Life» og «Hva gør vi nu, lille du».
Med danske Claus Pedersen i front – og rutinerte musikarar frå musikkmiljøet i Bergen bak seg – vert låtane leverte med respekt for originalane, men òg med varme, nærleik og solid samspel.
Den nære venen til Kim Larsen, Karsten Skovgaard, har sjølv anerkjent hyllesta frå bandet, og har ved fleire høve delt scene med dei som gjesteartist. Skovgaard var i mange år kapellmeister og sologitarist i Kim Larsen & Kjukken.
Dette blir ein kveld for alle som elskar dei tidlause songane til Kim Larsen – allsongfaktoren pleier å vere høg.


Medlemmer:
Claus Pedersen (vokal/gitar)
Arne Oppedal (gitar)
Arild Gjørøy (bass)
Ove Gaassand (tangentar)
Marius Larsen (perkusjon/vokal/vfx)


Dørene opnar kl 20

Spelestart kl 21

Restriksjoner

18 års aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje