page view image

Stein Torleif Bjella

Informasjon
event image

Stein Torleif Bjella er ein av landets aller største versekunstnarar, med ei rekke utgivelsar bak seg, som til saman har hausta fantastiske kritikkar, og skaffa han trufaste fans over heile landet.  No er han igjen aktuell med ny musikk, og eit nytt album er venta hausten 2023. Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten «Heidersmenn» i 2009, og to år seinare innkasserte oppfølgaren «Vonde visu» Spellemannprisen. «Heim for å døy»avslutta trilogien i 2013, med førsteplass på VG-lista.  Etter dette har artisten fra Ål i Hallingdal sluppe dei kritikarrosa studioalbuma "Gode Liv" og "Øvre-Ål Toneakademi", samt laga eit eksperimentelt spoken word improalbum saman med bandet, gjeve ut «Bjellasangar arrangert for messing & tre», eit samarbeid mellom Bjella og Kringkastingsorkesteret, og vunne Edvardprisen, Prøysenprisen, Skjæraasenprisen og Bendiksenprisen. "Eg ska kysse so Jesus gret" og "Psykisk kan du vera sjøl", syng Bjella. I musikken hans møtest ytterpunkta: Eit auge ler, eit gret. Sørgmodig glede og romantisk hjartesorg. Personane, skildringane og fortellingane me møter i tekstuniverset var også inspirasjonen til teaterstykket «Kan nokon gripe inn», sett av over trettitusen, då det blei sett opp på det Norske Teateret i 2017.  Stein Torleif Bjella er i tillegg ein respektert forfattar, og står bak diktsamlinga ”Jordsjukantologien Nr. 1”,  og romanen «Fiskehuset», som begge har hausta strålande kritikkar og kome i fleire opplag. "Fiskehuset" blei nominert til P2-lytternes romanpris og mottok Nynorsk Litteraturpris. Romanen er til no oversatt til dansk, tysk, nederlandsk, tsjekkisk og færøysk.

arena bakeriet bjella

Restriksjoner

18 Års aldersgrense.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte Billetter refunderes Ikkje.