Open Arena m/ Wrong Place at the Right Time / Magnhild Halland / Lola Linda Poder
Open Arena startar det nye året med å presentere tre kjempetalent!
Lola Linda Poder kjem frå Tysnes, og har allereie fleire års erfaring med musikk, trass i sin unge alder. Sekstenåringen fekk blant anna æra av å opne Tysnesfest 2025, og ho går no første året på musikklinja ved Stord Vidaregåande Skule.
Wrong Place at the Right Time er fem ungdommar frå 1. klasse på musikklinja ved Stord Vidaregåande Skule. Bandet består av Gabriela Rumenova Angelova, Lars Sæverud, Henriette Grov Bruland, Kristina Aasheim Stenberg og Selma Nikolaisen. Navnet kjem av at ingen av medlemmene spelar hovudinstrumentet sitt i bandet — altså “feil stad” (wrong place) — men likevel er det “riktig tid” (right time), for alt fungerer bra saman. Dei har starta som eit coverband, men har planar om å å skrive og framføre eigne låtar i framtida.
Magnhild Halland er ein svært lovande singer-songwriter frå Stord, med ei særeigen blanding av akustisk pop og energi. Med djupe og autentiske tekstar fangar ho publikum med ei blanding av sårbarhet og sterk vokalprestasjon.
Bakeriet Frugård, Trymmen sin rullekonto og Stord Rulleklubb lagar konsertar med fri aldersgrense. Lokale ungdommar står på og bak scenen, saman med artistar som til no har vore Hjerteslag, Slomosa, Autonomie, TØFL, Tobias Sten, Øystein Greni, Ravi og Oddny.
-FRI ALDERSGRENSE-
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje