page view image

ODDNY

Oddny markerte seg i 2023 med låten «Oktober, Bergen by» som i heile 20 veker var A-lista på P1 nasjonalt.

Informasjon
event image

Gruppa har fått særleg merksemd for dei karakteristiske tekstane på dialekt, og for å vere eit unikt liveband med ei heilt eigen sceneframferd.

Musikken deira kombinerer det vestlandske underfundige med element frå folk, rock og honningsøt pop. Dei syng om tema som mange kjenner seg igjen i, og musikken appellerer til eit breitt spekter av lyttarar og publikummarar. Bandet har i 2024 spelt ei rekkje utselde konsertar, blant anna i Oslo, Stavanger og Bergen, og har allerede blitt booka til ei rekke festivalar i 2025 og 2026.

Mai 2025 slepp dei sitt debutalbum, etterfulgt av ein omfattande festivalsumar og haustturne. Oddny blir omtala som eit vestnorsk unikum med potensiale for å oppnå store ting!


Open Arena og Falturiltu samarbeider om dette arrangementet, og det er FRI ALDERSGRENSE! 


Omtaler:

NRK – Luttprisen 2024Har posisjonert seg med kvardagslyrikk og dialekt som varemerke

Restriksjoner

Fri aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje