Fitjarrevyen goes Vikjo III / Sommarteltet 2025 - laurdag 31. mai
Fitjarrevyen er blitt eit begrep, og i sommar inntar revygjengen igjen Sommarteltet på Vikjo med berre godbitar og full allsong!
Dørene opnar kl 19
Spelestart kl 20
Gjengen trekte tre fulle hus i fjor, på ei helg, og er klare igjen, og klinkar til med to helger denne gongen. Det er bortimot ein heilt ny revy som blir servert, der det meste er henta frå tidlegare sommarrevyar på Fitjar. Men me følger jo med på vår nabokommune, eller naboby, og er sjølvsagt oppdaterte på kva som skjer. Dette blir også formidla frå scenen gjennom fleire heilt nye nummer. Og… I ÅR BLIR DET FULL ALLSONG I TILLEGG !!
Bergesen har sjølvsagt med seg Fitjarbuen og mykje anna, Terje Træet er i storform, og tar pulsen på det som rører seg, og det folk er opptatt av. Med på laget er ein som verkeleg vil sette farge og fart på forestillinga - Jan Rune Holdhus, for mange mest kjent som June Kommune. Jan Rune har vore med på Fitjarrevyen i mange år, og er ein mester i å ta lokale karakterar. Verkeleg eit multitalent! Drag, karakterer, stand up og fantastisk songar. Den karen har alt.
Med oss er også juvelen frå Karmøy. Britt-Synnøve Johansen. Kanskje ei av norges beste songstemmer. Ho har vore med oss på fire revyar på Fitjar. Fantastisk revyskuespelar som verkeleg tar karakterane på kornet. Ny i staben i år er også ein me har hatt med oss på tre sommerrevyer på Fitjar - Frank Robert Andreassen. Sett på tv som «han X-tra fyren». Ein glimrande songer og skuespelar som også vil lede an i allsongen. Gjesteartistar vil også dukke opp på allsongen innimellom.
Teamet som kjem til Vikjo er berre å gle seg til. Det blir det beste som er servert frå ein revyscene nokon gong på Stordøya ! I all beskjedenhet. Ta turen. Her er det lattergaranti! Svein Ragnar Myklebust med fullt band sørger for stødig komp, så alt er i dei aller beste hender. Me håpar å sjå deg i teltet. Dette blir rett og slett ein magisk kveld.
Restriksjoner
18-års aldersgrense
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje