page view image

Dag Sørås og Hans Magne Skard

Informasjon
event image

Dørene opnar kl 18

Showstart kl 19 


Dag Sørås og Hans Magne Skard kjem til Arena for å gjere standup.
Det blir ein kveld med «humorspark» i alle retningar når Dag og Hans Magne fyrer laus med sitt nyaste materiale.

Dag sitt kjenneteikn  er brutal ærlegdom, både overfor seg sjølv og sitt liv, men også mot verda rundt seg. Med dagsaktuelt og samfunnsrefsande materiale er han nok ikkje eit soleklart fyrsteval for dei som er glade i raud nase og parodiar, men for dei som blir med inn i hans univers er han skarp, givande og veldig morosam.

Skard er ein standup-komikar og sosionom frå Sveio. Han har drive med standup i over ti år, og hadde stor suksess med sitt første soloshow, «Rett i penalet», på Nieu Scene i Oslo, og på turné ellers i landet. Hans Magne har du kanskje sett på «Ikke lov å le på hytta» eller høyrt i podcasten «Skuddsikker fest». Han er kjent for si evne til å kombinere humor med refleksjon over livets store spørsmål – med ein god dose absurditet og tull! 

Restriksjoner

18 års aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje