PUBKOR I ARENA

No kjem endeleg Pubkor til Stord! Torsdag 27. mars ynskjer me å samle vener, naboar, kollegaer og songglade i Arena, til ein kveld med musikk, latter og fleirstemt allsong.
KVA ER PUBKOR? Konseptet er enkelt; me lærer oss ein låt på ein kveld, og du treng ikkje ha noko kjennskap til korsong på førehand. Ingen forpliktingar, ingen opptaksprøve - berre herleg song!
Dørene opnar kl. 18:00, øvinga startar kl. 19:00 og varer i ca. to timar.
Kva for ein song me skal lære oss er hemmeleg fram til øvinga startar, men det vil vere ein poplåt som er kjend for dei aller fleste, og teksten vil bli vist på storskjerm. Baren er sjølvsagt open heile kvelden!
Alle er velkomne, uavhengig av bakgrunn, alder (18+), nivå eller talent. Kvelden vert arrangert av Songlaget Stordabuen, og øvinga vert leia av Torleiv Agdestein, som har vore vår faste dirigent sidan 2011. Du vil bli overraska over kor bra han får det heile til å låte på slutten av kvelden! Velkommen til ein sosial og kjekk kveld!
Restrictions
18 års aldersgrense
Waiver
Kjøpte billettar refunderast ikkje