Hope, Hurper & Heltinner
«Drømmekombinasjon av læring og latter» – BT
«Hope er virkelig en 10 av 10-match til materialet hun fremfører» – BT
Korfor har du ikke høyrt om dei?
Var det rett og slett ikkje plass i historiebøkene?
Da boka «60 damer du skulle ha møtt» av Marta Breen kom ut, var kritikarane klare: Boka burde ha vore pensum! Heilt sidan Christine Hope og regissør Cecilie Mosli las ho, har dei drøymt om å skapa dette showet.
For korfor er historiene om dei modigaste pionerane våre gøymt, gløymt eller viska ut av offentlegheita? Korfor er gatene våre kalla opp etter menn? Kvar finn vi statuane av kvinnene som bygde landet?
No gir Christine desse damene plassen dei fortener – i spotlighten! Ho drar linjene frå fortidas gløymte kampar heilt fram til dagens syklus og manglande kvinnehelse. Gjer deg klar for å møta alt frå Norges første kvinnelege pilot som mista ein motor 900 moh, til jordmora som blei ufrivillig ordførar. Det er vittig, det er vanvittig, og det er frykteleg viktig!
Hope, Hurper & Heltinner er eit energisk girlpower-show om dei «bad-ass» pionerane som risikerte alt for at vi skal ha den fridomen vi har i dag. Dette er Christines viktigaste framsyning så langt, ein hyllest til dei som torde å stå i motvind, slik at vi kan gå framover i staden for baklengs inn i framtida.
Dette showet er både pensum, fest og knallgøy på ein og samme gong. Du kan like så godt LÆRA noko medan du ler!
Beste hilsen Christine Hope i storform
Dørene opnar 18.30
Spelestart kl 19.00
Restrictions
18 års aldersgrense
Waiver
Kjøpte billettar refunderast ikkje