Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
I mars 2026 kjem Sigrid med sitt niande soloalbum, og då blir det turne! Ho har siste året jobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å dra på tur med musikarane ho har jobba med i mange år.
Moldestad er kjend for si forteljarglede og sin unike kommunikasjon med publikum. Musikalsk spenner det frå det ville til det vakre. Musikarane i bandet pregar musikken med sine bakgrunnar i ulike genrar; visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalske overskot som rører. Det nye albumet er forankra i både naturen ho kjem frå, bygdeliv, samliv, foreldreskap og undringar kring dei store spørsmåla. Fjella lurer i bakgrunnen, og kjærleiken til folkemusikken er aldri langt unna. Saman med sitt etterkvart veletablerte band og kollektiv, skapar ho musikalske lydspor til historiene, med energi, humor og klump-i-halsen stemning. Det blir både nye songar og høgdepunkt frå heile karrieren.
Sigrid Moldestad Band: Sigbjørn Apeland (tangenter), Kåre Opheim (trommer), Jørgen Sandvik (gitarar), Anders Bitustøyl (bass), Roald Kaldestad (gitarar)
Dørene opnar kl 20
Spelestart kl 21