RAMMSUND
Rammstein på nynorsk!

Du vert ikkje det største ikkje-engelskspråklege rockebandet i verda, om ikkje musikken og melodiane er feite nok til å stå på eigne bein. Du må med andre ord ikkje skjøne orda til Rammstein. Men då ein kompisgjeng frå Oslo på slutten av 1990-tallet starta å gjere djupdykk i tekstane, skjønte dei at dette måtte verda få med seg! Eller, i kvart fall måtte Noreg få det med seg. Det fekk vere grenser for kor stort ansvar ein skulle ta på seg.
Dermed vart han fødd: ideen om Rammstein på norsk! Det måtte vere hardt, feitt og brutalt. Og med ein noko større dose godt humør enn kva metalband gjerne er kjend for. Dessutan, skulle ein verne om schwungen frå dei tyske tekstane, heldt det ikkje med utvaska bokmål. Det er nemleg berre eitt norsk språk som er stramt og hardbarka nok til å vere det austtyske metalfenomenet verdig. Det måtte verte nynorsk.
Ei utslite Spynorsk Mordliste og eit par korrekturlesingar av Språkrådet seinare, og dei fyrste Rammstein-låtane på nynorsk var klare, ein vinterdag i 2003. Rammsund var fødd.
Sidan har det gått slag i slag, og det finst knapt ei scene i Noreg der ikkje Rammsund har misjonert på vegne av Rammstein og Målsaka
Restriktioner
18 års aldersgrense
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar refunderast ikkje