Open Arena m/ TAUS
TAUS har teke musikk-Norge med storm dei siste åra!
Dei tre singlane Tyven, Angra ingenting og Sett fyr på himlen har alle blitt A-lista på NRK P1 og Våren 2025 vart Angra ingenting òg den mest spelte norske låta på norsk radio.
Bak artistnamnet TAUS står 24 år gamle Oda Eirin Almeland frå Voss. Ordet «taus» tyder jente på vossamål, og på scena har ho med seg dei tre tausene sine på trommer, gitar og keys!
TAUS lagar utadvendt og energisk vossapop med morosame tekstar om å stele sjampo frå hotell, kline med venninner og symje med delfinar, framført av ei odelsjente frå Voss som valde musikken framfor garden.
I mars vann TAUS Vestlandssatsinga 2025 etter å ha spelt på musikkbransjefestivalen 100 dagar på Stord. Dermed vart TAUS booka til 15 festivalar same sommaren. På Festidalen fekk ho terningkast 5 av anmelderane!
TAUS vart plukka ut blant over 1000 søkjarar til å opptre på By:Larm 2025, der ho òg vart nominert til Årets Stjerneskot av Norsk Tipping. I november vann ho VillVillVest sitt storstipend på 100 000 kroner, i tillegg til terningkast fem og ei flott melding i BT: – Ho eig scena frå det augeblikket ho går på.
Restriktioner
Fri aldersgrense
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetar refunderast ikkje