page view image

Open Arena m/ Ravi Alæine og aw0

Ein intimkonsert med gode minner!

Information
event image

Dørene opnar kl 17.30

Spelestart kl 18.00

Det er ei stor glede å melda at Ravi kjem til OPEN ARENA med soloprosjektet sitt «Ravi Alæine». Her står tekstane og melodiane i sentrum, og publikum får oppleve kjende og kjære låtar som «E-Ore», «Tsjeriåu», «Dødsøt» og «Utadæsjælåplevelse» i ei allsongvenleg ramme. Ravi har ein unik evne til å skape stemning og kontakt med publikum, uansett om han sit bak eit piano eller leier eit heilt band. Så bli med og feir over 25 år med Ravi-musikk!

Me får også ønskereprise med våre lokale heltar i aw0. Frontfigurane og låtskrivarane Aksel Dreyer Ur og William Nygård Ormseth har med seg  fullt band på scenen - Elliot Sönnerlid (gitar), Edvard Sönnerlid (trommer), Veslemøy Helland (gitar), Rasmus Nybø Kaldestad (gitar) og Ole Knut Urdal (bass).

Denne kvelden vil du hugse lenge!


Arrangementet er eit samarbeid mellom Open Arena, Velferdsforeninga Aker Solutions Stord og Bakeriet Frugård


- FRI ALDERSGRENSE-

Restriktioner

Fri aldersgrense

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar refunderast ikkje