Open Arena m/ Frio / Tempo Vicino / Akselerer
Open Arena presenterer tre lovande ungdomsband med base i Haugesund, på Stord og Os!
Dørene opnar kl 18
Spelestart kl 19
Frio er eit rockeband frå Haugesund/Karmøy. Bandet har spelt saman siden 2021, og har skreve ei rekke originale låtar. Dei har ambisjonar om å komme langt, og ønsker å skape gode vibes med musikken sin. Bandet spelte på landsfinalen i UKM i Bodø 2024, og vant Haugalandsmesterskapet i pop, rock & hiphop i 2023. 21. November 2024 slapp dei sin debutsingel "Lost" og er klare for nye opplevingar!
Tempo Vicino består av trommis Niklas, gitar/ vokalist Johannes, gitarist Andreas og bassist Jonas. Dei er 17 og 18 år gamle, glade i rock og likar å eksperimentere med alternative muligheter i musikken.
Bandet Akselerer debuterte som "Matrise" hausten 2024 og består av Tuva Sundal (bassgitar), Sunniva Dalland (gitar), Eva Tesdal (gitar) Phatreenan Rattanapongporn "aka. Anda" (vokal, keyboard)
Open Arena er eit samarbeid mellom Bakeriet Frugård, Trymmen sin rullekonto og Stord Rulleklubb.
- FRI ALDERSGRENSE-
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar refunderast ikkje