Audrey Horne
Bergenshardrockarane Audrey Horne er viden kjende som eit av dei mest hardtslåande livebanda Noreg har å by på. Med suksessplater som «Le Fol», «Youngblood», «Blackout», og no seinast - «Devil’s Bell», har kvintetten sett fyr på konsertscener både i Europa og her til lands. Det handlar om klassiske hardrockriff, store refreng og ein energi som sparkar godt frå seg i mageregionen. Med andre ord: Om du har sans for den ujålete gitarrocken til band som Thin Lizzy, The Who, Iron Maiden og Deep Purple, skal det godt gjerast å kjeda seg i Audrey Hornes selskap. Konsertane er alltid ein fest, noko publikum har lært å setja pris på. Det er nemleg frå scenekanten at den klassiske hardrocken Audrey Horne serverer verkeleg skin!
Restriktioner
18 års aldersgrense
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar refunderast ikkje