Open Arena m/ Ingrid Belt / Magnhild Halland / Lola Linda Poder

Open Arena startar det nye året med å presentere tre kjempetalent!

page view image
Evenemangsdatum

fredag 16 jan 2026 18:00

avslutas fredag 16 jan 2026 20:30
Beställ

Tillgängliga artiklar

ticket item
Open Arena m/ Ingrid Belt / Magnhild Halland / Lola Linda Poder
event image

Evenemangsinformation

Lola Linda Poder kjem frå Tysnes, og har allereie fleire års erfaring med musikk, trass i sin unge alder. Sekstenåringen fekk blant anna æra av å opne Tysnesfest 2025, og ho går no første året på musikklinja ved Stord Vidaregåande Skule.

Ingrid Belt er ein artist frå Stord som lagar låtar som treff rett i hjartet. Musikken hennar er både mjuk og sterk på same tid, og stemma hennar har noko heilt eige som får deg til å stoppa opp og lytta. Ho jobbar for tida med sitt første album.

Magnhild Halland er ein svært lovande singer-songwriter frå Stord, med ei særeigen blanding av akustisk pop og energi. Med djupe og autentiske tekstar fangar ho  publikum med ei blanding av sårbarhet og sterk vokalprestasjon.


Bakeriet Frugård, Trymmen sin rullekonto og Stord Rulleklubb lagar konsertar med fri aldersgrense. Lokale ungdommar står på og bak scenen, saman med artistar som til no har vore Hjerteslag, Slomosa, Autonomie, TØFL, Tobias Sten, Øystein Greni, Ravi og Oddny.


-FRI ALDERSGRENSE-

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar refunderast ikkje

Arrangör
Frugård