Sigrid Moldestad
Sigrid har siste året jobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å dra på tur med musikarane ho har jobba med i mange år. Sigrid Moldestad er kjend for si fortellerglede og kommunikasjon med publikum. Musikalsk spenner det frå det ville til det vakre. Musikarane i bandet pregar musikken med sine bakgrunnar i ulike genrer; visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalske overskot som rører. Folkemusikken er rota Sigrid Moldestad bygger sitt musikalske landskap i. Ho skriv tekstar på nynorsk, eller toneset diktarar som Jan-Magnus Bruheim, Robert Burns og Jakob Sande. Mellom dei lyriske fortellingane kjem villskapen i felemusikken fram. Sigrid Moldestad driv for tida med innspeling av nytt album som kjem våren 2026. På konserten vert det smakebitar av det nye materiale og høgdepunkt frå tidlegare utgjevingar.
Sigrid Moldestad Band: Sigbjørn Apeland ( tangenter) Kåre Opheim ( trommer) Jørgen Sandvik ( gitarar) Anders Bitustøyl ( bass) Roald Kaldestad ( gitarar)
Dørene opnar kl 20
Spelestart kl 21
Restriktioner
18 års aldersgrense
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar refunderast ikkje