page view image

OnklP

OnklP er tilbake. Og denne gongen gjer han det på eigen hand!

Information
event image


Einkvar introduksjon er eigentleg overflødig. Enten det er VG eller Dagbladet, rap-fans eller svigermødre, festivalgjengarar eller Securitasvakter – alle kjenner til OnklP. Alle har ei mening. Alle kjenner ein som kjenner ein som kjenner han.


OnklP har regjert på den norske hiphopscenen i over to tiår. Han er ein prisvinnande tekstforfattar, som har blitt rost opp i skyene av politikarar og samfunnstoppar, samt hatt ei viktig stemme i samfunnsdebatten. Bak seg har han nokon av dei tyngste bransjeprisane, og han har samarbeida med dei aller største navna i norsk musikk – i alle sjangrar. Med sin sterke personlighet og sine ærlige tekstar, har han bevega det norske folk både frå scenen, gjennom radio og på TV. OnklP utviklar seg stadig som artist, og nå står han altså igjen på eigne bein. 


Når den evig energiske OnklP tar scenen igjen, er det med dedikerte fans frå alle generasjonar i publikum. Med seg har han sin enorme låtkatalog, som sjangermessig spenner fra ‘Det kunne vært deg’ frå 2004, via OnklP & De Fjerne Slektningene-bængeren «Styggen på ryggen» i 2014, til splitter nye OnklP-låtar anno 2024.

onklp

Restriktioner

18 års aldersgrense

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar refunderast ikkje