page view image

Naboen min

Information
event image

Naboen min er bandet til forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Dei har laga songar som Male himlen blå, Gyli gyli gong gong og Rockesock. Rett før konserten på Arena slepp dei ny plate. Bandet lovar ein miks av nytt og gamalt, og ønsker store og små velkomen til å synge, danse, smile og le.

Kor mange ting kan ein gjere samtidig? Er jorda flat? Kan ein alltid stole på ein mann med skjegg? Naboen min har mange spørsmål og få svar. Det einaste dei veit er at det alltid er lov til å bli med å synge, både på vestlandsk og romvesensk! 

Bandet har tidlegare gitt ut platene «Rockesock» og «Alt blir feil». Musikken er mykje spelt på Radio Super. For plata «Rockesock» mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Bakeriet Frugård og Stord Mållag. 

Dørene opnar kl 12.30

Spelestart kl 13.00