page view image

Fitjarrevyen goes Vikjo II / Sommarteltet 2024 - EKSTRA!

Informacje
event image

Fitjarrevyen er blitt eit begrep og i sommar inntar revygjengen Sommarteltet med berre godbitar. Publikum vil få servert alt frå klassikarar til høgdepunkt etter høgdepunkt frå Sommarteltet i Fitjar.

Bergesen har sjølvsagt med seg Fitjarbuen og andre klassiske figurar, samt at Henning Wichmann og Terje Træet vil servera sine alterego! Med på laget er ein som verkeleg vil sette farge og fart på forestillinga. Jan Rune Holdhus. For mange mest kjent som June Kommune, men Jan Rune har vore med på Fitjarrevyen i mange år, og er ein meister i å ta lokale karakterar. Verkeleg eit multitalent! Drag, karakterar, stand up og ein fantastisk songar. Denne karen har alt. Med oss i sommar er også juvelen frå Karmøy - Britt-Synnøve Johansen. Kanskje ei av norges beste songstemmer. Ho har vore med oss på fire Fitjarrevyar, og er ein fantastisk revyskodespelar som verkeleg tar karakterene på kornet.

Teamet som kjem til Vikjo er altså berre å gle seg til. Det blir kanskje det beste som er servert frå ein revyscene nokon gong på Stordøya. I all beskjedenhet. Her er det lattergaranti! Svein Ragnar Myklebust sørger for stødig komp, så alt er i dei beste hender. Me håpar å sjå deg i teltet. Dette blir rett og slett ein magisk kveld.

Restrykcje

18-års aldersgrense

Ograniczenia

Kjøpte billettar refunderast