page view image

You Know Who. Support: Ormabol (HEAVYHELG)

Turbojugend Stord fyller 20 år, og inviterer til HEAVYHELG i samarbeid med Bakeriet Frugård. Me feirar to dagars til endes med ei rekke glimrande band.

Information
event image

I ei tid prega av progresjon, mindfulness, horoskop og spiritualisme har You Know Who valt regresjon. Gjengen har gått tilbake til garasjen og det svette øvingsrommet frå ungdomsåra, og sett tilbake på kva som i utgangspunktet fekk dei til å starte med dette evigvarande minusprosjektet, å spele i band.
Gjennom eit djupdykk i 70-talet sin Detroitrock, og rockebølgja i Skandinavia på 90/00-talet, samstundes som dei har forsynt seg av den heilage ungdomskjelda på 4,7 % og skrudd forsterkarane opp til eit nivå som ville gjort Spinal Tap stolte. Dei sit inne med eit ynskje om å levere eit produkt som middelklassen fortent kan opne seg ei kald ei til, på fredag etter ein lang veke i offentleg sektor.
You Know Who kan minne om Cro-Mags, dersom Cro-Mags hadde hatt ein betre oppvekst, Minor Threat, dersom Minor Threat hadde drukke øl, og/eller Burzum dersom han hadde motteke behandling tidlegare på 90-talet. Med dette ferskt i minne veit du kva du kan forvente, kven som leverer det, og kvar det kjem frå, You Know Who.


«Det er en hårfin balanse mellom sexy ufiltrert og direkte stygt. De fem gutta i You Know Who holder balansen, og vel så det.» Terningkast 5 på debutplaten «DUMB.» – Jonas Vikingstad/Stavanger Aftenblad

«Homerun/En opptur for Stavanger!/Årets tittel - (She’s A 10 (But She Doesn’t Like Turbo))» - Stjernepose/NRK P13

«Amen to that, Stavanger boyz!» - Turbonegro i forbindelse med slipp av «She’s A 10 (But She Doesn’t Like Turbo)»

«Å høre på musikken til You Know Who er som å bli teleportert til et alternativt univers der man får snitt og Fernet Branca intravenøst, mens «C-c-c-c-c-c-c-c-c-c-city slang» av Sonic’s Rendezvous Band dundrer over anlegget med jevne mellomrom.» - Lars Arne Lindland/Stavanger Aftenblad

«Det lukter svidde gitarforsterkere. Det er veldig høyt. Det sparker hardt for seg!» - Jarand/Anbefalt av NRK Urørt

«Tar mye av det Turbonegro og Gluecifer gjorde for mange år siden, og gjør det til sitt eget. Kult nytt band fra Stavanger» - Gitar/NRK P13

 

Som oppvarming får me glimrande Ormabol, eit metalband frå Stord/Fitjar som starta opp desember 2022. Dei spelar ekstremmetall med eit folketonalt preg, deathvokal, suggerande riff, upolert lydbilde og pur råskap. Debutalbumet «Horg» kom ut i mars 2024 til solid mottagelse blant publikum. Dei har sidan spelt konsertar saman med etablerte metalband som Vinterbris, Avertia og Fall of Terra rundtom på vestlandet. Nye låtar kan ventast å bli fremført på kommande konsertar i 2025. 

Beperkingen

18 års aldersgrense

Afstandsverklaring

Kjøpte billettar refunderast ikkje