page view image

TØFL + support: Epilogue

Dei spretne TØFL-heltane legg ut på sin første distriktsturné! Med nye låtar i gitarkassane, og fantastiske festivalkonsertar ferskt i minne, bringer dei indiepop til folket i haust.

Information
event image

TØFL er fire unge menn som spelar med utrøytteleg driv, og syng om det stygge og det vakre, med ein råskap som røskar og riv. I sommar var bandet ein av headlinerane på Mablis-festivalen, og blei belønna med 5-ar av Aftenbladet.

Intens glede, rungande allsong og villmannsløp på scenen er standard når TØFL spelar, og dei garanterer at skillet mellom publikum og band opphøyrer..

Med debut-EPen «Eg ska» frå 2018 etablerte TØFL seg raskt som eit band med enorm energi og unik evne til å sette ord på opplevingar dei aller fleste kan relatere til. Debutalbumet “Eg fins, WTF!?” frå 2022 hausta solide anmeldelsar, og blei etterfulgt av ein albumturné som solgte ut scener som Rockefeller og Samfundet. I romjula i fjor solgte dei ut Stavangers nye storstove, Fiskepiren.


Dei har gjesta Lindmo og hatt fleirtallige låtar lista hos landets største radiokanalar. Låtane blir stadig oftere covra av alt fra student-kor til The Voice-deltakarar, og bandet har spelt over heile landet. No ønsker TØFL å møte fleire fintfolk utanfor landets storbyar.


Epilogue er eit forholdsvis nystarta band som debuterte på scenen hausten 2024. Bandet består av Elliot Sönnerlid (vokal/gitar), Rasmus Nybø Kaldestad (vokal/gitar), Annaleah Tveita (bass og Asbjørn J. Raunholm (trommer), Dei spelar sjølvkomponert musikk i indielandskapet.


Arrangementet er eit samarbeid mellom Open Arena og Falturiltu.

tøfl openarena falturiltu

Beperkingen

Fri aldersgrense

Afstandsverklaring

Kjøpte billettar refunderast ikkje