Martha & Co på øyo / Sommarteltet 2025

Dørene opnar kl 20
Spelestart kl 21
Me på Bakeriet Frugård har jobba i to år med å få tak i Martha Leivestad, og fredag 23. mai kjem ho endeleg til Sommarteltet med forestillinga Martha & Co på øyo. Martha burde vel vera kjent for dei aller fleste gjennom sine mange suksessar på NRK, VGTV og Podme. Blant anna Høvla Øve, Skål, Martha!, 4ETG og Martha blir rik. I 2021 vant ho Årets morsomste på TV under Humorprisen.
Med seg på scenen har ho Galvan Mehidi og Eirik Krokås.
Galvan har lang fartstid som regissør, skodespelar og programleiar. For berre få år sidan tok han steget inn i standup, og han har raskt blitt ein av dei mest aktive komikarane i landet. For tida er han aktuell både med soloforestillinga Et takkebrev til Saddam, og Misforstå meg rett saman med Martha Leivestad, på NRK radio.
Krokås debuterte som komikar i 2012, og har på kort tid utvikla seg til å bli ein allsidig og morsom standup’ar som framkallar latterbrøl over heile landet. Humoren til Eirik er ofte personleg og sjølvironisk. Med gode observasjonar og herleg formidlingsevne treff han eit breitt publikum i alle aldrar.
Det er berre å gle seg!
Beperkingen
18 års aldersgrense
Afstandsverklaring
Kjøpte billettar refunderast ikkje