Hjelp
© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
The Botten Is Nådd har i mange år spela kortreist og berekraftig musikk til stor glede for eit enno større publikum – eit publikum som har vist å setje pris på slikt. I eit forsøk på å toppe suksessen medan me framleis er førlege og nokolunde medvitne, har me sydd saman ein heilaftans repertoar der publikum får servert ingenting mindre enn ein «Mods & Bjørn Eidsvåg monsterhitparade». Me inviterar til ein vestlandsk festkveld i norsk språkdrakt, der publikum garantert kan alle tekstane og er invitert til å syngje med for full hals. Mods/Eidsvåg "spesial" har tidlegare vore spelt for fulle hus og med topp stemning. Denne gongen er låtvalet utvida, overraskingar i form av gjester er invitert, og bandet lovar nok ein kveld prega av allsong, energi og ekte speleglede. Kort og godt – sjølv om The Botten Is Nådd er stemninga garantert på topp. Bandet, der alle har dobbeltnamn og ingenting har vist seg å vere enkelt, er sett saman av Knut Birger Paulsen, Jan Evald Kleppe, Jørn Olav Myhre, Rolf Martin Haldorsen og John Einar Olsen. I tillegg har me denne maikvelden forsterka vokalrekka med Kristine K. Olsen og Marit M. Skeie.
Teltet opnar kl 19.00
Spelestart kl 20.00