Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Lola Linda Poder kjem frå Tysnes, og har allereie fleire års erfaring med musikk, trass i sin unge alder. Sekstenåringen fekk blant anna æra av å opne Tysnesfest 2025, og ho går no første året på musikklinja ved Stord Vidaregåande Skule.
Ingrid Belt er ein artist frå Stord som lagar låtar som treff rett i hjartet. Musikken hennar er både mjuk og sterk på same tid, og stemma hennar har noko heilt eige som får deg til å stoppa opp og lytta. Ho jobbar for tida med sitt første album.
Magnhild Halland er ein svært lovande singer-songwriter frå Stord, med ei særeigen blanding av akustisk pop og energi. Med djupe og autentiske tekstar fangar ho publikum med ei blanding av sårbarhet og sterk vokalprestasjon.
Bakeriet Frugård, Trymmen sin rullekonto og Stord Rulleklubb lagar konsertar med fri aldersgrense. Lokale ungdommar står på og bak scenen, saman med artistar som til no har vore Hjerteslag, Slomosa, Autonomie, TØFL, Tobias Sten, Øystein Greni, Ravi og Oddny.
-FRI ALDERSGRENSE-