Jørgen Sandvik og Endre Olsen sleppefest Stord

Tickets Not Available

Billetter er dessverre ikke tilgjengelig i våre systemer. Dette kan skyldes at arrangøren benytter en annen billettleverandør eller at arrangementet er utsolgt.

Arrangementsinformasjon

To gode naboar, musikalsk som geografisk, inviterar til felles platesleppfeiring på Arena denne kvelden. 

Jørgen Sandvik er ute med si første soloplate, "Permanent Vacation", som har hausta skamros over heile fjøla (BT drylte like godt til med overskrifta "Real Ones-gitaristen redder blues-sjangeren").

Endre Olsen sitt første album på stordamål, "Bøttevis med blått", kjem faktisk ut på nett denne herrens dato 18.mai 2018. 

Du får høyra dei to grovarane framføra sine respektive aktuelle plater, solo og saman. Kanskje blir det rom for ein og annan gjest? I alle høve blir det ein lang og kjekk kveld med duggfrisk norsk blueskøntrifolkrock. 

Når livemusikken opphøyrer, snurrar artistane sin favorittmusikk på stereoanlegget.

Og sjølvsagt vert det høve til å kjøpa med seg både CD og LP.

Velkomen!

Restriksjoner

18 års aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikkje

Tags

arena
Organizer
Frugård