Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
I februar 2006 kom eit debut-minialbum med ein artist som heitte Erlend Ropstad ut. Han låt
som ein singer-songwriter, skreiv smått melankomiske songar på engelsk, og fleire spurte seg;
treng me fleire av desse artistane her?
Dette er 20 år sidan, når me skriv februar 2026, noko som betyr 20-årsjubileum for ein
suksesshistorie innan norsk musikk, med ein artist som utvilsomt har eit heilt eige kunstnerisk
uttrykk i dag. Veldig få, om nokon, maktar å skrive rock på norsk, med så høg kvalitet,
og eit samla pressekorps, og spellemannsjuryar, har stilt seg bak den påstanden.
Han har sakte bygd opp ein trufast tilhengarskare over heie landet, på den gode gamle
måten; skrive gode låtar som folk tar til seg, og spele mykje ute. Det har blitt eit firesifra
antall konserter i løpet av desse 20 åra, og til vinteren legg han til ca 40 nye, med ein
soloturné som dekker heile landet. Vel møtt!
Dører kl 19
Konsertstart kl 20