BÅRD OSE - Stones og damene

Velkomen til eit føredrag som vil både gleda og overraska, og som garantert vil få deg til å høyra musikken til The Rolling Stones på ein heilt ny måte.

page view image
Arrangementsdato

lørdag 12 sep 2026 17:30

Slutter lørdag 12 sep 2026 20:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

ticket item
BÅRD OSE - Stones og damene
event image

Arrangementsinformasjon

I dette føredraget vil du få høyra historier om dei mange kvinnene som inspirerte nokre av dei mest kjende songane til det legendariske bandet. Kven var «Ruby Tuesday»? Kven var sambuar med begge gitaristane i bandet på 60-talet? Og kven er det Mick Jagger saknar i «Miss You»?
Latteren vil sitja laust, og nokre tårer vil bli tørka når du får høyra kva som ligg bak songar som «Out Of Time» og «Angie».
Bård Ose (fødd 1960) er kjend for sine mange år i NRK, der han leverte tre vekentlege program i P1+ og serverte «PILS» kvar laurdag i 22 år saman med Finn Tokvam. Han har skrive 15 bøker, blant anna store verk om alle songane til The Beatles og The Rolling Stones. Den aktuelle boka hans er «Listelangs», som fortel historiene bak meir enn 2000 slagarar frå 60-talet.

Dørene opnar kl 17.30

Showstart kl 18



















Organizer
Frugård