Viseplaneten Plektrum: Meg og kammeraten min

Arrangementsinformasjon

Endeleg! Velkomen til ei snydelig stund på Arena, saman med duoen som lagar den beste musikken for nysgjerrige born og vaksne i Noreg om dagen.

Meg og kammeraten min er Martin Hagfors (Meg) og Erik Johannessen (Kammeraten). Martin er kjent som ein av landets mest respekterte låtskrivarar, Erik som trombonist, arrangør og multiinstrumentalist i blant andre Jaga Jazzist.

For siste plata si, "Snydelig", vart dei spelemannsnominerte både som årets barnemusikk og årets komponist (det syns me seier ein del) og Aftenposten skreiv begeistra at "denne duoen er uimotståelig, der de kombinerer popteft, leken humor og reflektert alvor med sin musikalitet, inkluderende væremåte og avvæpnende sjarm."

På konsert briljerar dei med eineståande publikumskontakt, smittande speleglede, fascinerande historieforteljing og bunnsolid musisering.

Ta med deg familien og bli med oss inn i duoen sitt finurlege og morosame, vakre og velskrivne popunivers.

Billettar er snart i sal digitalt. 

Pris: 80,- (born) og 120,- (vaksne)

arena
bakerietfrugård