Ola Bremnes
OLA BREMNES med nye songar på vestlandstur
Den folkekjære songare og låtskrivaren Ola Bremnes kjem med ny plate i vår, og i den forbindelse tar han ein liten konsertrunde på Sørvestlandet i månadsskiftet august/september. Ogna, Stord og Øystese får besøk, og med seg har han to beint fram briljante musikarar: Gjermund Silset (bass) og Tore Bruvoll (gitarar)
Det nye albumet heiter «Det som gjør at grønt e grønt». Her er betraktningar om livets viderverdigheter. Veivalg og vår, kjærleik og blinkande lys.
Ola er mannen bak songar som «Har du fyr» og «Mi pia, din gutt», og han har ein rikholdig katalog å ause frå.
Nytt og gammalt, kjent og ukjent vert i denne konserten blanda til ei herlig musikalsk trollmannsgryte. Kraftig krydra av musikarar som Ola har spelt med i mange år. Samspel av ypperste klasse, altså, ispedd lun humor og sterke historier, både til å gråte og le av.
"Jeg skriver om det som berører meg", seier Ola. "Da kan det være at også publikum blir berørt".
Her er det bare å hive seg i kalosjane og skaffe seg billettar!
Restrictions
18-års aldersgrense
Waiver
Kjøpte billettar refunderast ikkje