Help
© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Bergenshardrockarane Audrey Horne er viden kjende som eit av dei mest hardtslåande livebanda Noreg har å by på. Med suksessplater som «Le Fol», «Youngblood», «Blackout», og no seinast - «Devil’s Bell», har kvintetten sett fyr på konsertscener både i Europa og her til lands. Det handlar om klassiske hardrockriff, store refreng og ein energi som sparkar godt frå seg i mageregionen. Med andre ord: Om du har sans for den ujålete gitarrocken til band som Thin Lizzy, The Who, Iron Maiden og Deep Purple, skal det godt gjerast å kjeda seg i Audrey Hornes selskap. Konsertane er alltid ein fest, noko publikum har lært å setja pris på. Det er nemleg frå scenekanten at den klassiske hardrocken Audrey Horne serverer verkeleg skin!
Som oppvarming før konserten blir det eksklusivt slepp, signering og salg av singelen som Enslaved og Storm Weather Shanty Choir lanserer i slutten av mars.