page view image

Gunhild Aadland Rolfsnes - Songen og livet

Information
event image

Dørene opnar: 15.00

Spelestart: 1530

Ein solokonsert med songar frå livets speleliste. Nærmare bestemt Gunhild Aadland Rolfsnes  si speleliste. Ei speleliste som miksar alt mellom pop, vise, rock, soul, gospel, negro spirituals, jazz, franske svisker, folketonar og salmeskattar. Det er ikkje kvar dag ho stiller seg fram på denne måten. Ho opptrer med jamne mellomrom i bandet Klingenberg saman med kollegaer, og i duoen Lykte saman med mannen sin John-Inge Rolfsnes. Men åleine ved tangentane opplever ho den aller største musikalske fridomen. 

Ho har sunge og spelt piano sidan ho var lita jente. Kvardagen var fylt med musikk, alle heime dreiv med det, og heldigvis vart musikklinja på Stord i gang då ho skulle på vidaregåande. Vidare studerte ho grunnfag musikk i Oslo og mellomfag og hovudfag musikkvitskap i Trondheim.

 For Gunhild er song meir enn eit musikalsk uttrykk. Å synge er å utforske - musikken, tilværet, sjela, tankar og erfaringar, håpet. Konserten kjem til å bere preg av dette. Gjennom Songen utforskar ho aspekt ved det levde livet, tekstar, sjangrar, vokalistar som inspirerer og påverkar ho, tangentane sine mogleikar, stemma sine mogleikar. Gjennom ein personleg og jordnær konsert håpar ho å skape ei tidsboble, ei stund der ein kan sitte ned og lytte og oppleve at tida står litt stille, før ein går vidare inn i dagen. 

Ei slags 50 års feiring, litt utanom det vanlege.

Waiver

Kjøpte billettar refunderast ikkje