Emmerhoff & The Melancholy Babies
Emmerhoff & The Melancholy Babies returnerer til Arena!
Kjeldene er usikre, men nokon hevdar det er over 20 år sidan sist.
I 2026 markerer bandet sitt 30-årsjubileum, og som startskot på eit år med festivitas, blir det
konsert på Arena laurdag 24. januar.
Denne konserten blir også releaseparty for bandet sin sjuande LP, "The Dying Of The Light", som
kom ut 17. oktober 2025.
Emmerhoff & The Melancholy Babies starta i Bergen i 1996, men har sterke røter i Sunnhordland.
Bandet vart først satt saman av Halsnøybu og ex-Jim Was A Junkie-vokalist Gunnar Emmerhoff
for å framføre låtar frå soloplata hans "The Joy Of Mourning". Arild Vikane og Per Harald Ottesen
vart med frå JWAJ, og bandet vart komplettert av to villfarne Romsdalingar; Inge Rypdal og Iver
Sandøy (Enslaved).
Emmerhoff & The Melancholy Babies:
Gunnar Emmerhoff - vokal og gitar
Inge Rypdal - gitar
Arild Vikane - gitar
Einride Torvik - bass
Iver Sandøy - trommer
Restrictions
18 års aldersgrense
Waiver
Kjøpte billettar refunderast ikkje