Artistdugnad – Samhald i Sunnhordland
Foreininga Samhald i Sunnhordland og Bakeriet Frugård inviterer til artistdugnad i Sommarteltet. Overskotet for kvelden skal gå til velferdstilbod for menneske med rusutfordringar i Stord kommune. I samarbeid med kommunen vil foreininga etablere ulike prosjekt som skal bidra til å glede dei som treng eit avbrekk i kvardagen. Foreininga vil forvalte midlane til prosjekta er gjennomførte. Me håpar også at lokale bedrifter vil vera med og bidra!
Husbandet for kvelden er Endre Olsen, Jørgen Sandvik, Anders Bitustøyl og Hans-Olav Molde. Dei vil invitera med seg lokale artistar, og sørge for at stemninga i teltet blir euforisk. Kven veit, plutseleg kjem det ei overrasking også? Samhald i Sunnhordland, Bakeriet Frugård og husbandet håpar du har lyst til å vera med og gjera dette til ein suksess!
Teltet opnar kl 19
Spelestart kl 20
Restrictions
18 års aldersgrense
Waiver
Kjøpte billettar refunderast ikkje