Sprache
Hilfe
© TicketCo AS 2025.
Rechtliche Begriffe für Ticketkäufer.
Rechtliche Begriffe für Veranstalter.
Dørene opnar kl 21
Spelestart kl 22
Den nye EPen ‘More of Nothing’ kom ut 29. november, med fire blytunge nye låtar som spenner frå sylkvass heavy til bekmørk ballade. Som vanleg med ein fot planta i klassisk syttitals heavy og den andre i den moderne metalverda. Breibeint, med andre ord. Det skal fyrast av både nytt og gammalt frå scena denne kvelden, frå Sahg si seks album rike, og atten år lange historie. Så, likar du metalen din heavy? Då er det ikkje anna å gjere enn å møte opp på Arena laurdag 18. januar, for ei overdose True Norwegian Heavy Metal!
Som support stiller det unge Stordbandet No September. Dei spelar eigenkomponert rockemusikk, samt noko cover, blant anna av Bastard. Bandet består av Øyvind Spissøy (trommer) Daniella Tislevoll (bass og kor) Audun Kaldråstøyl Johansen (gitar og kor) og Didrik Tingvoll Spissøy (gitar og vokal)