© TicketCo AS 2026.
Rechtliche Begriffe für Ticketkäufer.
Rechtliche Begriffe für Veranstalter.
Dørene opnar kl 13.30
Start kl 14.00
Trolltunga er ei vill historie om tilfeldigheiter, god timing og fullt kaos. Det luftige utspringet blei ein instagram-hit i løpet av få år. Turistar frå heile verda strøymde til Hardanger. Kva skjer når nærmare 100 000 menneske har same turmål? Frivillige bergingsfolk fekk kjørt seg. Det same gjorde naturen, vegnettet og reiselivsnæringa. Hardingane blei tatt på senga. Korleis takla samfunnet horden av menneske utan turerfaring?
Fenomenet masseturisme er eit sentralt tema i Halvor Folgerøs nye bok.
Med Trolltunga som døme, er det også naturleg å dra linjene bakover i tid. For 120 år sidan gjekk fjellområdet rundt Trolltunga gjennom ei endå meir ekstrem forvandling. Kraftutbygging og industri jaga turistane bort. Mektige fossefall blei tørrlagde i det som har blitt kalla den norske velferdsstatens vogge.
I dag er ringen slutta, og turistane er tilbake. Kva har den nye turismen gjort med dei gamle industrisamfunna?
Med spektakulære bilder, filmsnuttar og forteljingar, tar Halvor Folgerø deg med på ei reise inn i denne ville historia.
Halvor Folgerø, f 1967, er forfattar, journalist og musiker. Han har bakgrunn frå NRK, og er kjend som ein dyktig formidlar og historieforteljar. Dei seinare åra har han hatt stor suksess med bøkene sine om livet på dei ville vestlandsvegane (2021 og 2022) og med «Ferjefolket» (2024).