Bokassa (HEAVYHELG)

Turbojugend Stord fyller 20 år og inviterer til HEAVYHELG i samarbeid med Bakeriet Frugård. Som første headliner slepp me sjølvaste Bokassa!

page view image
event date

Samstag 27 Sep 2025 20:00

Endet Samstag 27 Sep 2025 23:30
bestellen

Available items

ticket item
Bokassa / HEAVYHELG
HEAVYHELG - todagarspass
event image

Event-Informationen

Punkmetal-trioen Bokassa aka "Norsk Rocks Buzz Aldrin" har, til ambisiøse slackere å vere, opplevd ganske mykje i løpet av si relativt korte eksistens. Sjølv utan matchande antrekk, diverse masker eller annan trendjagande åtferd har bandet likevel klart å gje ut fire kritikarroste album, turnert med blant anna Mastodon, Baroness, Judas Priest, Zebrahead, Red Fang og Metallica. Dei har spelt på fleire av verdas største festivalar (Wacken, Download, Hellfest, Resurrection, Summer Breeze osv.). Dei har blitt nominert til Spellemann (og tapt), vunne Bendiksenprisen, spelt live-session hos BBC Radio 1 og prøvd i alle fall fem forskjellige typar Pepsi Max undervegs.

Den sjølvutgitte debuten "Divide & Conquer" blei kåra til eitt av 2017s beste debutalbum av ærverdige Metal Hammer UK og eitt av det siste tiåret sine beste norske plater av Gaffa. I 2019 blei dei handplukka av Metallica, saman med Ghost, som support på deira "Worldwired"-turné, utan verken plateselskap, management eller bookingselskap i ryggen. I 2024 kom deira fjerde og førebels siste album "All Out Of Dreams", med musikalske gjester frå Sick Of It All og Red Fang, til strålande anmeldelser, blant anna 4/5 i Kerrang, 8/10 i Metal Hammer UK, 5/6 i Dagsavisen og 9/10 hos Powerplay Magazine. Kerrang sa det kanskje aller best med følgjande linje: "Count on Bokassa to keep serving up absolute bangers". Noko det er vanskeleg å vere uenig i dersom ein har høyrt plata. Plata viser eit band som aldri har vore i betre form. Musikalsk altså, den fysiske forma er framleis på staden kvil.  

Restriktionen

18 års aldersgrense

Verzichtserklärung

Kjøpte billettar refunderast ikkje

Veranstalter
Frugård