page view image

Open Arena m/ Slomosa / Autonomie / No September

Information
event image

Dørene opnar kl 18.00

Spelestart kl 18.30

Heilt sidan premieren på debutsingelen Horses hos NRK Stjernepose (som kåra låten til ein av dei beste i 2019) har ørkenrock-beistet Slomosa frå Bergen skapt bølger i inn- og utland.
Debutalbumet frå 2020 fekk terningkast 6 av Bergens Tidende og 8/10 av Metal Hammer UK, og har over sjumillionar avspelingar på Spotify. I 2022 spelte Slomosa konsertar i heile sytten land og hausten 2023 var bandet igjen på en omfattande Europaturné. Våren 2024 slepp Slomosa endeleg nytt album, og sistesingelen Rce får for tida hyppig radiospeling.

Det unge Stavangerbandet Autonomie leverer rå thrash metal inspirert av blant andre Sepultura, Slayer og Exodus. Dei har alt sleppt tre digitale singlar, og rukke å bli signert på Fysisk Format, etter anbefaling av Vidar Landa (Kvelertak, Beachheads) og Ivar Nikolaisen (Kvelertak,
The Good the Bad and the Zugly).

Stordbandet No September starta i 2023. Dei spelar eigenkomponert rockemusikk, samt noko cover, blant anna av Bastard. Bandet består av Asbjørn Raunholm (trommer) Daniella Tislevoll (bass og kor) Audun Kaldråstøyl Johansen (gitar og kor) og Didrik Tingvoll Spissøy (gitar og vokal)

Arena, Stord Rulleklubb og Trymmen sin rullekonto samarbeider om arrangementsserien Open Arena, med fri aldersgrense!

slomosa autonomie noseptember frialder

Einschränkungen

Fri aldersgrense

Verzichtserklärung

Kjøpte billettar refunderast ikkje