Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Sidan fjorårets konsert på Åtgaum vart utseld ei veke i forvegen, har me no flytta oss bort til Arena. Stas! Det blir julelåtar i nye og jazzy draktar, inkludert reprise på nokre favorittar frå i fjor. Den jazzy gjengen består av: Dovilė Martinkutė og Brita Angeltveit på vokal Frank Omar Vad på trommer, Haakon Hellesøy på bass, Johannes Hellesøy på gitar og Jakob Morvik på trompet Denne samansetninga av lokale, profesjonelle utøvarar gler seg til å få spele heime på Stord igjen! Kom i julestemning med oss! Her kan du både danse og sitje heilt i ro og nyte musikken. Det blir fint, gøy og veldig, veldig god stemning! Konsertstart kl 20.00, men du er velkomen tidlegare for noko godt å eta inne på Bakeriet Frugård, eller for å catche up med slekt og vener som er komne heim til jul! Velkommen!