Sunnhordland Storband og Vegard Ingebrigtsen presenterer FRANK SINATRA
Bli med på ei stemningsfull musikalsk reise gjennom livet, karrieren og dei udøyelege songane som gjorde Frank Sinatra til ein av verdas største underhaldarar.
Saman med den karismatiske vokalisten Vegard Ingebrigtsen tek Sunnhordland Storband publikum med tilbake til storheitstida for swing, jazz og tidlause klassikarar. Gjennom ein konsert fylt med eleganse, energi og nostalgi får du oppleva mange av låtane som har begeistra generasjonar verda over.
På repertoaret står mellom anna: New York, New York, My Way, I Get a Kick Out of You, Mack the Knife, Fly Me to the Moon, The Lady Is a Tramp, I've Got You Under My Skin, That's Life og fleire av dei mest kjende og kjære Sinatraklassikarane.
Med den fyldige storbandklangen og Vegard Ingebrigtsen si sterke formidlingsevne blir publikum inviterte inn i ei verd av glamour, swing og musikalsk historie. Enten du er ein ihuga Sinatra-entusiast eller berre glad i god musikk, ligg alt til rette for ei uforgløymeleg konsertoppleving. Velkomen til ein konsert med mannen, musikken og legenden som aldri går av moten!
Dørene opnar kl 19
Spelestart kl 20
Restrictions
18 års aldersgrense
Waiver
Kjøpte billettar refunderast ikkje