page view image

SLOMOSA

Information
event image

Tundra Rock-fenomenet SLOMOSA har dei siste åra skapt kraftige bølgjer både i inn- og utland, med legendariske konsertar over heile USA og Europa.

Med den Spellemann-vinnande andraplata Tundra Rock i bagasjen, tek bandet nok ein gong over norske scener med sin energiske, tunge og særeigne «tundra rock» i 2027.

I 2025 spelte SLOMOSA heile 100 konsertar på europeisk og nordamerikansk jord – inkludert eigne utselde headliner-konsertar og turnear med Alkaline Trio, Helmet, Kadavar og Orange Goblin.

Bandet si kompromisslause liveenergi har gitt dei ein eksplosivt veksande tilhengarskare. I 2026 heldt ferda fram med større konsertar og omfattande turnear, mellom anna nest siste slot på Sirkus under ØYA og på Pstereo, som begge fekk fantastiske meldingar.

I 2027 kjem det endeleg ny musikk frå SLOMOSA, og i den samanhengen blir det både turné og festivalopptredenar her heime i Noreg.

“En konsert som seiler umiddelbart inn i historiebøkene som en av de beste som har blitt spilt på Marinen. Fullstendig utklassing”

– Adressa.no, for SLOMOSA sin konsert på Pstereo 2026 i Trondheim.

———-

“Det blir ikke tyngre i norsk rock i dag. Det blir knapt bedre heller, og i hvert fall ikke mer intenst.”

– Dagsavisen.no, for SLOMOSA sin konsert på Øyafestivalen 2026 i Oslo