page view image

Open Arena m/ Michelle Ullestad

Information
event image

Michelle Ullestad har raskt etablert seg som ein av dei mest lovande artistane og låtskrivarane innan norskspråkleg popmusikk. Etter å ha blitt kåra til Årets Urørt av NRK P3 i 2022, har ho fått brei anerkjenning for sitt låtskrivartalent, sine ærlege tekstar og meloditeft.

Med si unike evne til å formidle livets mest sårbare augeblikk på ein medmenneskeleg og fengande måte, har ho imponert både publikum, presse og musikkbransje. Låtar som «Emilie», «La meg ligge» og «Jeg vil ha mer» har gjort henne til ein av dei mest spelte norskspråklege artistane på nasjonal radio.

I 2023 blei Michelle Ullestad nominert til Årets Gjennombrot på P3 Gull og Spellemannprisen-nominert til Årets Låtskrivar for debutalbumet «ingenting varer evig». Albumet fekk strålande meldingar og blei inkludert på fleire lister over årets beste norske album, mellom anna i Dagsavisen og Bergens Tidende.

Ullestad er no klar for å vise fram ei ny side av seg sjølv gjennom musikken som kjem i løpet av våren 2025

Dørene opnar kl 17.30

Spelestart kl 18.00